Behandlingsmetodar for flyktningar med alvorlege psykiske helseproblem
Research report
Published version
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2483174Utgivelsesdato
2006Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Samandrag og konklusjon Føremålet med dette arbeidet var å vurdere systematiske oversikter og RCTàr om behandling av flyktningar med alvorlege psykiske helseproblem. Den vanlegaste diagnosen ved alvorlege psykiske helseproblem hjå flyktningar er posttraumatisk stressliding (PTSD). Behandlinga er oftast basert på kognitiv åtferdsterapi (CBT). Eksponeringsterapi og medisinering blir også brukt, til dels i kombinasjon med CBT. Frå 204 identifiserte referansar, inkluderte me ei systematisk oversikt som omhandla behandling av psykiske lidingar hjå vaksne. Denne oppsummerte resultat frå ni studiar (ein liten RCT og åtte pasientseriar). Behandlingstiltaka var eksponeringsbehandling, kognitive behandlingar, gruppeterapi og stressmestring. • Resultata frå studiane i denne oversikten gir ikkje grunnlag for å konkludere om nytten av behandlingsmetodar for flyktningar. • Oversikten konkluderer med at ein kulturell tilpassing av tiltaka er viktig, utan at det visest til dokumentasjon for dette. I tillegg søkte me etter RCTàr for å vurdere om det er grunnlag for ei systematisk gjennomgang. CBT var tiltak i sju av studiane, anten aleine eller i kombinasjon med medisinering eller eksponeringsterapi. Desse studiane har få deltakarar og ulik tilnærming. Det er derfor usikkert om ei vurdering av desse aleine vil kunne gi ny substansiell kunnskap. Konklusjon Gjennomgangen av dokumentasjonen gir ikkje klart svar på kva for behandlingsmetodar som er effektive ved behandling av psykiske lidingar hjå flyktningar. Det er gjennomført enkelte randomiserte kontrollerte studiar om denne problemstillinga, men dei fleste rapporteringar er frå ikkje-kontrollerte studiar. Sjølv om me har lite spesifikk informasjon om behandling av psykiske helseproblem hjå flyktningar, så har me eit kunnskapsgrunnlag for behandling av posttraumatisk stressliding generelt.