Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorFonahn, Wenche
dc.contributor.authorLund, Vidar
dc.contributor.authorPettersen, Jens Erik
dc.date.accessioned2020-12-03T15:37:29Z
dc.date.available2020-12-03T15:37:29Z
dc.date.created2012-01-30T18:59:08Z
dc.date.issued2011
dc.identifier.isbn978-82-8082-463-9
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2711783
dc.description.abstractLegionellabakteriar førekjem i naturen. Det er til no skildra 56 artar av Legionella og over 70 undergrupper (serogrupper). Ikkje alle artane er kjende for å gi sjukdom hos menneske. Dei fleste registrerte sjukdomstilfella har vore forårsaka av Legionella pneumophila, serogruppe 1, men også andre serogrupper og artar kan vere sjukdomsframkallande. Til saman 33 anlegg fordelt på 5 ulike bransjar ønskte å delta i prosjektet: Kommunale avløpsrenseanlegg: 8 Meieri 8 Petrokjemisk industri: 9 Treforedlingsindustri: 4 Annan industri: 4 Det er stor variasjon mellom anlegga både når det gjeld utforming og storleik, frå opne utandørs basseng med areal på over 1000 m2 til innandørs totalt tildekte anlegg på 10–50 m2. Det er gjennomført fire prøveomgangar fordelte over eitt år, høvesvis i juni, august/september og november 2009, og i april 2010. Prøvene er tekne frå den aktive fasen i luftebassenga. Resultat I anlegga tilknytt treforedlingsindustri blei det påvist legionellabakteriar i tre av fire anlegg, med L .pneumophila som dominerande art. Med PCR-teknikk blei L. pneumophila påvist i alle anlegga. • I dei petrokjemiske anlegga blei det både ved dyrking og PCR-teknikk påvist L. pneumophila i seks av dei ni anlegga, og i til dels høge konsentrasjonar. • I dei kommunale renseanlegga blei det med dyrking berre påvist legionellabakteriar ved eitt av dei åtte anlegga. Ved hjelp av PCR-teknikk blei det likevel påvist L. pneumophila i fem av anlegga, om enn i låge konsentrasjonar. • I prøvene frå dei åtte meierianlegga blei det ikkje i nokon av anlegga påvist legionellabakteriar ved dyrking. Ved tre anlegg blei det påvist L. pneumophila ved PCR-teknikk, men i svært låge konsentrasjonar. • I dei fire anlegga tilknytt annan industri blei det heller ikkje påvist legionellabakteriar ved dyrking, men det blei påvist L. pneumophila i låge konsentrasjonar med PCR-teknikk i tre anlegg. Tilrådingar Det blir tilrådd at anlegga gjennomfører ei vurdering av eksponeringsrisikoen: • Utgangspunktet for ei risikovurdering er anlegget sitt potensial for å fremje oppvekst av legionellabakteriar. • Ei vurdering av dette potensialet bør omfatte både om føresetnadene for legionellavekst ser ut til å vere til stades, og dokumenterte erfaringar i form av analysar. • Deretter må det vurderast kva for hendingar som kan tenkjast å medføre at menneske blir eksponerte for legionellainfiserte aerosolar, både på bedriftsområdet og utanfor. • Som hovudregel blir det tilrådd bruk av pustevern ved arbeid knytt til biologiske renseanlegg med mindre eksponeringsrisikoen er neglisjerbar. Om prosjektet Prosjektet har vore eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Unilabs Telelab AS, med førstnemnte som prosjektleiar. Prosjektet blei starta i samråd med Statens forureningstilsyn (no Klima- og forureiningsdirektoratet) og blei gjennomført i 2009-2010. Potensielle deltakarar blei kartlagte med bistand frå Statens forureiningstilsyn, Norsk Industri, TINE sentralt og Norsk Vann.
dc.language.isonob
dc.publisherNasjonalt folkehelseinstitutt
dc.relation.ispartofVannrapport
dc.relation.ispartofseriesVannrapport
dc.relation.urihttp://www.fhi.no/artikler/?id=90001
dc.titleKartlegging av legionellaforekomst i luftede biologiske avløpsrenseanlegg 2009 - 2010. Biodamrapporten
dc.typeResearch report
dc.description.versionpublishedVersion
dc.source.pagenumber49
dc.source.issue117
dc.identifier.cristin899969
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel