Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorPape, Hilde
dc.date.accessioned2015-03-05T09:56:00Z
dc.date.accessioned2015-03-09T10:13:17Z
dc.date.available2015-03-05T09:56:00Z
dc.date.available2015-03-09T10:13:17Z
dc.date.issued2013
dc.identifier.citationTidsskrift for velferdsforskning 2013, 16(3):185-191
dc.identifier.issn0809-2052
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/278708
dc.description-
dc.description.abstractAlkohol som risikofaktor er eit neglisjert tema i dei viktigaste politiske dokumenta om vald mot kvinner i nære relasjonar. Dette reflekterer både ideologiske føringar og ein uvilje mot å blande inn alkoholpolitiske spørsmål i tematikken. Hilde Pape har granska alle dei nasjonale handlingsplanane mot vald i nære relasjonar, og andre sentrale dokument om temaet frå dei politiske styresmaktene. Formålet var å finne ut kva fokus alkoholen si rolle har fått i dokumenta. At alkohol aukar risikoen for denne type vald er godt dokumentert. Slike forskingsfunn har klare implikasjonar for førebygging og behandling, men dette vert ikkje spegla i dei politiske dokumenta. I si gransking av disse dokumenta, såg Pape at det avteikna seg tre ulike tilnærmingar til koplinga mellom alkohol og vald mot kvinner. Temaet vart enten utelatt, alkoholen si betyding blei tona ned og reist tvil om, eller det blei fokusert på rusmiddelbruk generelt, utan at alkohol blei tematisert eksplisitt. Kvifor så lite fokus på alkohol? Frå offisielt hald har det lenge vore eit kjønsmaktperspektiv som har prega forståinga av den private valden si årsak og eigenart. Mannen sin vald er blitt betrakta som eit uttrykk for kvinneundertrykking og mangel på likestilling mellom kjønna. I dette perspektivet kjem alkoholen inn som ein kompliserande faktor og har blitt oppfatta som ei avsporing. I dei nyaste politiske dokumenta er tyngdepunktet flytta vekk frå det tidligare så dominerande kjønsmaktperspektivet, til ei erkjenning av at valden også må sjåast som eit samspel mellom personlege, situasjonsbetinga og strukturelle faktorar. Likevel vert ikkje alkoholen gitt større plass i utforminga av tiltak for å avhjelpe problemet.
dc.language.isonor
dc.relation.urihttp://www.sirus.no/filestore/Import_vedlegg/Vedlegg_publikasjon/HPapealkoholvoldpolitikkTvF2013_3.pdf
dc.titleAlkohol og vold mot kvinner – et politisk betent tema? Kommentarartikkel
dc.typeJournal article
dc.date.updated2015-03-05T09:56:00Z
dc.identifier.cristin1064425


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel