Erfaringar etter handteringa av smitte og utbrot av covid-19 i Noreg hausten 2021 og vinteren 2022 i utvalde kommunar
Andreassen, Trude; Coward, Sigrid Kristiane; Falk, Monica; Forland, Frode; Heradstveit, Petter Leinaas; Hveding, Øystein; Lavoll, Silje Bruland; Macdonald, Emily Ann; Nguyen, Truc Trung; Nygård, Karin Maria; Selstø, Annlaug; Utheim, Mari Nythun; Vestrheim, Didrik Frimann
Research report
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3005634Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Kommunane har hatt ei avgjerande rolle i handteringa av smitte og utbrot gjennom pandemien. Kommunane har gjort dette i samarbeid med nabokommunar, statsforvaltarar og nasjonale helsestyresmakter. Dette gjeld også for kommunane som deltok i denne gjennomgangen.
Denne rapporten har ved hjelp av intervju med eit utval kommunar hausta erfaringar om korleis ulike kommunar har oppdaga og handtert utbrot og tiltak knytt til situasjonen lokalt, regionalt og nasjonalt. Målet har vore å hausta erfaringar for så å kunna trekka lærdom av handteringa av covid-19 i kommunane. Studieperioden har vore frå august 2021 (frå skulestart med innføring av test for karantene) til februar 2022 (då nasjonale tiltak vart oppheva). Fokusområda i denne gjennomgangen har vore på kontaktreduserande tiltak, TISK (testing, isolering, smittesporing og karantene), og tiltak i skular.
Arbeidet er koordinert av ei intern gruppe ved avdeling for smittevern og beredskap på Folkehelseinstituttet (FHI). Helsedirektoratet har spelt inn på plan for prosjektet, vore representert ved intervju og spelt inn på funna utarbeida av FHI. Dei involverte kommunane og statsforvaltarane som har deltatt i erfaringsgjennomgangen har fått lesa gjennom, og kome med kommentarar i forkant av publisering av rapporten.
Etter to år med pandemi vert det nå utarbeida ulike rapportar og evalueringar knytt til ulike aktørar i pandemihandteringa. Denne rapporten er eit supplement til dette arbeidet, og me har i dette arbeidet hatt meir fokus på utvalde område nemnt over. Ein liknande erfaringsgjennomgang vart gjennomført etter utvalde utbrot av covid-19 i Noreg, desember 2020 – mars 2021. Denne rapporten bygger på funn frå den fyrste rapporten.
Innsamla data over tiltak viser at det har vore sette i verk ei rekke ulike tiltak, og unntak til desse. På nasjonalt nivå har det hyppig blitt gjort endringar gjennom perioden, medan det har vore ulik tilnærming på lokalt nivå. Medan dei fleste nasjonale smitteverntiltaka er iverksette som påbod, er dei fleste lokale tiltaka samla sett i dei utvalde kommunane innført som anbefalingar.
Resultata av samtalane støttar at kommuneoverlegen har ei viktig rolle i rapportering, samhandling og rådgjeving. Kommunane har samarbeida tett med nabokommunar, statsforvaltarar og nasjonale helsestyresmakter i arbeidet med å handtere smitte og utbrot. Statsforvaltar har hatt ei sentral rolle i samhandling på lokalt og regionalt plan ved å vera bindeledd mellom kommunane, helseføretak og Helsedirektoratet.
Det kjem klart fram at det er viktig med god informasjon når det er endring av nasjonale tiltak. Kommunane ville sett pris på å vera orientert om endringar i forkant av pressekonferansar då dei treng noko tid for å førebu og innføra omfattande tiltak, som til dømes test for karantene for skulebarn. God informasjon kan førebygga uro.
Erfaringa frå kommunane er at lokale tiltak i mange tilfelle kan passa betre til den lokale situasjonen enn nasjonale tiltak, sidan utbrot kan variera i omfang og tid ulike stader i landet. På den andre sida er det omfattande og arbeidskrevjande å utvikla lokale tiltakspakkar. Det krev også erfaring.
Det kom ulik tilbakemelding om kva som var best av hyppige endringar for å avlaste tiltaksbør, eller å samle opp endringar for å lettare kommunisera desse ut. I tillegg var ei erfaring at det kan vera meir krevjande å avvikla tiltak enn å innføra dei. Avvikling av enkelttiltak kan også føra til press på andre tenester, som lokal kapasitet på test- og smittesporing.
Kommunane si erfaring er og at råd og tiltak bør vera tydelege og logiske for at dei skal bli respektert. Rettleiing til kommunane i form av kommunelegehandboka, Sykdomspulsen og webinar, samt skriftleg og individuelle råd, er avgjerande og viktige. Når FHI har støtta kommunelegar og kommunar med fagleg fundament, vert kommunane trygga i si rolle.
Det kan vera utfordrande for kommunane å balansera smittevern og frykt for smitte opp mot negative konsekvensar av tiltak. Tydeleg kommunikasjon frå kommunane til innbyggarane med grunngjevinga for tiltaka kan førebygga dette. Kommunane som deltok melder og at tiltaka kan ha ført til negative konsekvensar for ulike grupper i form av auka pågang til ulike helsetenester, utanforskap sosialt, psykisk og økonomisk.
Læringspunkt
Utifrå gruppesamtalane med utvalde kommunar og statsforvaltarar vil me trekka fram følgande læringspunkt knytt til smitteverntiltaka:
• Ved endringar av tiltak bør informasjon frå sentralt hald vera tydeleg og oppdatert.
• Grunngjeving for tiltaka må vera god og tydeleg kommunisert ut til innbyggarane. Anbefalingar og råd bør vera logiske for at innbyggarar skal respektera dei.
• Det har vore hyppige endringar av tiltak på nasjonalt plan. Ein må gjera grundige vurderingar om kor hyppig ein vil innføra endringar, for slik å balansera tydeleg kommunikasjon opp mot lågast mogleg tiltaksbør.
• Tydlegare kommunikasjon knytt til strategi og tiltak gjer kommunane betre budde på endringar. I tillegg kan dette både førebygga kaos og skape lojalitet gjennom tydeleg kommunikasjon.
• Når det blir innført omfattande nasjonale tiltak, som test for karantene ved skulestart (august 2021), bør dette kommuniserast til kommunane i god tid før innføring, og ikkje i ferie. Det er ein fordel for kommunane å få informasjon om endring av tiltak i forkant av pressekonferansar, slik at dei får førebu seg på desse endringane.
• Det skal svært tungtvegande grunnar til for å stenge skular, og nytte må vegast nøye opp mot konsekvensane for born, unge og samfunnet på lengre sikt.
• Råd rundt bruk av tiltak og trafikklysmodellen bør vera eintydige og klare frå nasjonalt hald.
• Tiltak som har stor tiltaksbør bør ikkje vara lenger enn naudsynt for å unngå uønskte effektar som psykiske plager, einsemd, utanforskap og personlege økonomiske tap.
• Det bør vera eit nasjonalt ansvar å utvikla kunnskapsgrunnlag for ulike enkelttiltak, inkludert både kunnskap om smitteverneffekt av tiltaka og tiltaksbøra.
• Det kan vere behov for å utvikle eit digitalt nasjonalt smittesporingsverktøy. Dette kan også vera nyttig til anna type utbrotshandtering.
• FHI og Helsedirektoratet bør vera samstemte i si rådgjeving til kommunane.