Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorLeino, Tony Mathias
dc.contributor.authorNilsen, Thomas Sevenius
dc.contributor.authorKnapstad, Marit
dc.date.accessioned2023-01-30T09:18:02Z
dc.date.available2023-01-30T09:18:02Z
dc.date.created2023-01-27T08:11:49Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.isbn978-82-8406-355-3
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3047005
dc.description.abstractResultat frå koronaundersøkinga desember 2021: • Deltakarar frå Bergen hadde høgare nivå av psykiske plager og lågare livstilfredsheit enn dei andre regionane. Ein høgare andel i Bergen rapporterte at innføring av smitteverntiltak ville medføre ei høg grad av belastning enn i dei andre regionane. Dette gjaldt på tvers av tiltak, med unntak av påbod om munnbind og det å halde minst éin meter avstand frå andre. • Likt med tidlegare Folkehelseundersøkingar i fylket, er det ein klar utdanningsgradient i favør dei med høgare utdanning. Di høgare utdanning, dess høgare andel rapporterte god helse, og lågare andel rapporterte einsemd. Vidare går nivået av psykiske plager ned og kor fornøgd ein er med livet stig med utdanningslengd. I kontrast til dette bildet, er andelen som rapporterte høg grad av belastning knytt til smittervernstiltak større blant dei med høgare enn blant dei med lågare utdanning • En lågare andel av dei yngste kvinnene rapporterte god helse og høgare andel einsemd samanlikna med dei andre aldersgruppene. Vidare er skåren på psykiske plager høgast og skåren på fornøgdheit med livet lågast i den yngste aldersgruppa. Også desse resultata er i tråd med funn i tidlegare Folkehelseundersøkingar i fylket. Ein høgare andel i den yngste aldersgruppa rapporterte at smitteverntiltak ville innebere høg grad av belastning enn dei eldre aldersgruppene. • De som rapporterte endring i arbeidssituasjon eller forverra økonomi under pandemien rapporterte også dårlegare fysisk og psykisk helse enn dei som ikkje opplevde endring i arbeidssituasjon eller berre hadde hatt heimekontor og stabil/forbetra økonomi. • Stengte butikkar, det å unngå heimebesøk og karantene etter nærkontakt med ein smitta, er dei tre enkelttiltaka som blei oppfatta som mest belastande. • Skjenkestopp, munnbind og det å halde éin meters avstand blei oppfatta som dei minst belastande tiltaka. • 65,5 % rapporterte at dei ønsker å fortsette med heimekontor, men berre om lag halvparten av dei som bur aleine og éin av tre av dei yngste kvinnene (18-24 år) rapporterte at heimekontor fungerte bra. • Resultata knytt til landbakgrunn er usikre. Likevel indikerer resultata at deltakarar som er fødd i Norge, med foreldre fødd i Norge kjem meir gunstig ut enn deltakarar med annan landbakgrunn på tvers av tema undersøkt i denne rapporten. Endringar frå før til under koronapandemien: • Andelen som oppgav god helse var om lag seks prosentpoeng lågare våren 2022 enn målingane både før (2018/2019) og under koronapandemien (2021 og 2022) (frå om lag 76 % til 70 %). • Nivået på psykiske plager og einsemd var noko høgare, både ved målingane vinteren 2020 og 2021, og våren 2022, enn før pandemien.
dc.language.isonno
dc.publisherFolkehelseinstituttet, Område for psykisk og fysisk helse
dc.subject.meshPopulation Surveillance
dc.subject.meshCOVID-19
dc.subject.meshCoronavirus infections
dc.subject.meshQuality of Life
dc.subject.meshMental Health
dc.subject.meshSurge Capacity
dc.subject.meshInfection Control
dc.subject.meshNorway
dc.subject.meshBefolkningsstudier
dc.subject.meshCoronavirusinfeksjoner
dc.subject.meshFolkehelseovervåking
dc.subject.meshLivskvalitet
dc.subject.meshBeredskapskapasitet
dc.subject.meshPsykisk helse
dc.subject.meshSmittespredningskontroll
dc.subject.meshSmittevern
dc.subject.meshNorge
dc.titleKoronaundersøkinga i Vestland 2021: Framgangsmåte og utvalde resultat
dc.typeReport
dc.description.versionpublishedVersion
dc.source.pagenumber111
dc.identifier.cristin2116139
dc.subject.keywordFylker
dc.subject.keywordVestlandet
dc.subject.keywordBelastning på smitteverntiltak
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel