Rapport om svangerskapsavbrot 2022. Register over svangerskapsavbrot (Abortregisteret)
Akerkar, Rupali Rajendra; Askeland, Olaug Margrete; Halvorsen, Guri Sundgot; Heiberg-Andersen, Rannveig; Hornæs, Mona Tornensis; Juliusson, Pétur Benedikt; Berg, Amund
Abstract
Hovedbudskap
Det har vore ein jamn nedgang i aborttala sidan 2008. Om denne oppgangen vi ser tilbake til 2019 tal representerer ein endring i denne trenden eller handlar om effekten av covid-19 på aborttala, veit vi framleis ikkje.
Avbrotsraten har ein oppgang frå 9,0 i 2021 til 9,8 per 1 000 kvinner i fertil alder (15-49 år) i 2022 og er såleis tilbake til det nivået ein såg i 2019 på 9,7 per 1000 kvinner i fertil alder. Troms og Finnmark, Oslo og Nordland er dei fylka med flest svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner; 12,6 i Troms og Finnmark, 11,3 i Oslo og 11,1 i Nordland. Vestland er det einaste fylket som har hatt ein nedgang i abortraten sin frå 8,2 til 8,1 per 1000 kvinner i alderen 15-49 år frå 2021 til 2022. Dersom ein ser på avbrotsratene i dei store universitetsbyane så har Oslo den høgste avbrotsraten på 11,3 per 1000 kvinner. Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal hadde dei lågaste ratene for svangerskapsavbrot; med 8,1 per 1 000 kvinner i Rogaland og Vestland og 8,2 i Møre og Romsdal. Det er per i dag 4 av 11 fylke som har ein avbrotsrate på 10 eller meir per 1000 kvinner (15-49 år).
Den samtidige nedgangen i talet på fødslar per 1000 kvinner i fertil alder (15-49 år) ein såg frå 2009 fram til pandemien med covid-19 byrja i 2020 har no endra seg.